På innsida av krafta

Logo for konferansen På Innsida Av Krafta med tekst og en grafisk illustrasjon av et møllehjul.
Bilde av administrasjonsbygget til Røldal-Suldal-anlegget på Nesflaten i lett tåke.

Ei samtale om framtidas kraftsystem

Mellom fjell og fjordar lengst inne i Ryfylke ligg Suldal, Noregs største kraftkommune. Her blir årleg nesten 10 prosent av norsk vasskraft produsert. Frå dei same fjella går òg kablar og fiberliner som bind Noreg til Europa.

«På innsida av krafta» er ei rundebordbasert energisamtale om korleis framtidas kraftsystem skal fungere, sett frå ein stad som kjenner både produksjonen, reguleringa og konsekvensane på kroppen.

Foto: Lise Bjelland / Lyse

Kvifor Suldal?

For å forstå kraftsystemet må ein sjå staden der den faktisk blir til. Suldal har vore vertskap for nokre av dei største utbyggingane i norsk energihistorie – Ulla-Førre og Røldal–Suldal Kraft. Her ligg og Kvilldal kraftverk, som er Noregs største, og Blåsjø, som Nord-Europas største vasskraftmagasin.

Suldal er difor ikkje berre ein produksjonsstad. Det er eit kryssingspunkt mellom natur, teknologi, marknad og politikk. Målet er meir innsikt og større forståing for kraftspørsmål. Vi ønskjer å samle kraftselskap, forskingsmiljø, kraftkommunar og politiske avgjerdstakarar for å drøfte korleis vasskrafta kan moderniserast og sikrast legitimitet i åra som kjem.

Et damanlegg for vannkraft i vakker natur.

Foto: Kristofer Ryde / Lyse

Driftsentral i et kraftverk med instrumentpanel.

Foto: Lise Bjelland / Lyse

Et damanlegg for vannkraft i vakker natur.

Foto: Kristofer Ryde / Lyse

Kvifor «på innsida»?

Ofte går energidebatten føre seg på utsida av systemet, prega av forenkla retorikk og konfliktliner. På innsida ser ein heilskapen, og samanhengane.

  • Korleis magasin styrer fleksibilitet.

  • Korleis marknaden påverkar reguleringa.

  • Korleis europeiske rammer verkar inn på lokale avgjerder.

Vi ønskjer ei samtale som tek utgangspunkt i denne heilskapen – ikkje i fastlåste posisjonar. Vi er opptekne av å synleggjere samanhengen mellom teknologi, marknad, regelverk, natur og lokaldemokrati. Kva krevst for å sikre eit robust kraftsystem for framtida?

Luftfoto tatt over Nesflaten i Suldal med fjorden i bakgrunnen.

Foto: Kristofer Ryde / Lyse

Aerial view of a fjord with steep, rocky cliffs and winding road along the edge.

Foto: Statkraft

Strømlinjer ved kraftstasjon på Nesflaten i Suldal kommune.

Foto: Lise Bjelland / Lyse

Ei annleis energisamtale

Dette er ikkje ein tradisjonell kraftkonferanse. Vi legg opp til færre deltakarar og mindre vekt på foredrag, til fordel for meir dialog, systemforståing og erfaringsdeling. Samlinga skal vere brei og kunnskapsbasert.

Modernt bygg med glassdører, redde og svarte vindusrammer, en utendørs overbygg støttet av røde stolper, og omgitt av fjell og landskap.

Foto: Energihotellet

Innendørs bilde av et lite spisebord med fire stoler foran store vinduer som viser fjell, elv og skog i nabolaget.

Foto: Energihotellet

Restaurant med store vinduer som viser fjell og vann utenfor, med bord dekket med tallerkener, glass, bestikk og en liten blomsterbukett.

Foto: Energihotellet

Staden er ein del av metoden

Mange som tek avgjerder om kraft, har aldri vore inne i eit kraftanlegg.

I Suldal får ein vera med på turen frå Stavanger inn fjorden til Ryfylke. Ein får kome inn i fjella her produksjonen finn stad og forstå dimensjonane. Ein kan forstå at kraftsystemet ikkje er abstrakt – det er fysisk, konkret og landskapsbunde.

Opplevinga av staden er difor ein del av metoden.

Historiane knytte til kraftproduksjonen i Suldal blir difor ein viktig del av heilskapen, saman med det faglege. Vi håpar og trur det vil gjere at deltakarane faktisk snakkar saman på ein annan måte enn vanleg – bokstaveleg tala på innsida av krafta.

Eksteriør av hovedbygningen ved Røldal kraftverk.

Foto: Lise Bjelland / Lyse

To personer i refleksvester står i en liten betongbygning med åpen dør, foran en steinbakke dekket av snø, med en isbre i bakgrunnen.

Foto: Statkraft

Utsikt over fjorden fra Energihotellet på Nesflaten i Suldal.

Foto: Energihotellet

Kva kjem ut av samlinga?

Samlinga skal munne ut i Suldalerklæringa: Ei samanfatting av samtalene i form av eit dokument som fangar opp innsikta, dilemma og prioriteringar slik dei kjem fram i løpet av konferansen.

Du kan lese meir om Suldalerklæringen her.

Samarbeidspartnarar

Logo for Suldal kommune.
Logo for Stavanger kommune.
Logo for Hydro.
Logo for Lyse-konsernet.
Logo for Statkraft.
Interiør med bord, stoler, disk og instrumentpanel ved driftsentralen i Suldal kraftverk på Nesflaten.

Foto: Lise Bjelland / Lyse

Tre arbeidere i vernetøy som jobber inne i en kraftstasjon.

Foto: Suldal kommune

To menn i gult vintertøy ser på en steinmur de er ved å undersøke i en snødekt, fjellrik landscape.

Foto: Statkraft